Vigleik Leira: Bokstavar med krusedullar


Overskrifta er ei folkeleg nemning for det som i vitskapleg språkbruk heiter ‘bokstavar med diakritiske teikn’ – eller stuttare ‘bokstavar med diakritika’ (eit diakritikon – fleire diakritika).

Om me tek bort dei «sære» norske bokstavane æ, ø, å, er grunnstomnen i det latinske alfabetet dei bokstavane me finn t.d. på eit datatastatur. Men dei språka som nyttar det latinske alfabetet, ymsar seg i mellom svært mykje med omsyn til kva slags bokstavar som kjem i tillegg. Ein hærskare av diakritiske teikn kompliserer biletet i høg grad.

Etter plasseringa i forhold til grunnbokstaven kan me dele inn dei diakritiske teikna i 3 hovudgrupper: teikn over, teikn gjennom og teikn under grunnbokstaven.

Teikn over grunnbokstaven har me t.d. i vokalvariantar som è, é, ê, ë, ė, ē, ĕ, ö, ő, ü, ű, ů, ũ, ý. Blant konsonantane støyter me ofte på diverse variantar av c, s, z og n, t.d. ć, č, ś, š, ż, ź, ž, ń, ñ.

Teikn gjennom grunnbokstaven er ikkje nytta så mykje. For oss er den norske, danske og færøyske ø-en ein ordinær bokstav i alfabetet, og me tenkjer ikkje over at det i grunnen er ein o med strek gjennom (i handskrift plasserer me streken over o-en). Elles kan nemnast at polsk har ein l med strek gjennom. Han opptrer mellom anna i elvenamnet Wisła og i politikarnamnet Wałęsa.

Teikn under grunnbokstaven er nesten like vanleg som teikn over. Her kjenner me truleg best til den franske ç-en, m.a. frå ordet ça og t.d. bynamnet Besançon. Men denne bokstaven er også nytta i albansk, portugisisk og tyrkisk.

Den vanlegaste funksjonen til dei diakritiske teikna er å markere at den aktuelle bokstaven skal ha ein annan uttale enn den grunnbokstaven ville ha hatt på same plassen. Her kjem m.a. trykkmarkering inn. På norsk skil me i uttale og skrift t.d. mellom orda alle og allé, og idé er ikkje eit rimord til side.

Bruken av diakritika kan og ha ei etymologisk side. Den franske bruken av teiknet ^ , t.d. i ordet fenêtre (vindauge), markerer ikkje berre at e-en i den andre stavinga har ein anna uttale enn e-en i den første, men opplyser også om at ordet har hatt ein s i seg på eit tidlegare stadium. Jamfør her latin fenestra og s-en som er til stades i svensk fönster.

Samanskrivne (eller samanpressa) bokstavar er eit fenomen på sida av dei diakritiske teikna. Døme her er æ (for opphavleg ae) i dansk, færøysk og norsk, œ (for oe) i fransk og ß (for ss) i tysk.

Namn

Mange av dei diakritiske teikna har eigne namn. Stundom er der både ei vitskapleg nemning og ei folkeleg. Teiknet ¨ har t.d. namnet trema, men heiter tødlar på folkemunne. Her er ei liste over nokre av nemningane:

akutt(-teikn), venstreaksent, fransk accent aigu, engelsk acute accent;  teiknet ´ (som i allé)

boge, engelsk breve; teiknet  t.d. over a-en i Chişinău (hovudstaden i Moldova)

cédille (fransk ord med tydinga liten c); teiknet i ça

gravis(teikn), høgreaksent, fransk accent grave, engelsk grave accent; teiknet ‘ (som i bynamnet Genève)

hake (tsjekkisk háček, engelsk caron), omsnudd sirkumfleks: teiknet i (tsjekkisk by)

sirkumfleks (el. c-), folkeleg møne, fransk accent circonflexe; teiknet ^ (som i entrecôte)

tilde (spansk ord frå latin titulus ‘påskrift’)¸ teiknet ˜ (som i señor)

trema, folkeleg tødlar, fransk tréma; engelsk diaeresis (også trema); teiknet ¨ (som i bynamna Durrës, Düsseldorf, Göteborg, Jyväskylä)

I leksikon og ordbøker blir trema vanlegvis (såleis t.d. i Tanums store rettskrivningsordbok og i den franske ordboka Petit Larousse) definert slik at det berre dekkjer ein del av bruksområdet til tødlane, nemleg dei tilfella der ¨ blir bruka til å markere at ein samanstøyt av to vokalar ikkje fører til diftong i uttalen, men gjev to åtskilde monoftongar og følgjeleg to stavingar (det som blir kalla hiatus), t.d. i det franske ordet naïf ‘naiv’. Sjå nærare om dette i omtalen av dei einskilde språka nedafor.

Bruk av diakritika i nokre språk

Norsk

I alfabetet har norsk som eigne bokstavar æ (historisk sett ei samanskriving av a og e), ø (o med strek gjennom) og å (a med ring over).

Det mest brukte diakritiske teiknet i norsk er akutten i ord som allé, idé, kamé, komité. Denne bruken er ikkje påboden, men vanleg. Etter rettskrivingsreglane no er der tre alternativ for handteringa av slike ord:

a: ein ide, ideen, idear, ideane

b: ein idé, ideen, idear, ideane

c: ein idé, idéen, idéar, idéane.

Alternativ b er det mest brukte.

Elles er der, særleg i nynorsk, ein del bruk av sirkumfleks og gravis til å skilje mellom tydingar og ulike uttalar. Preposisjonen for skal skrivast på den måten, medan fôr gjeld slikt for som me har i  orda kåpefôr og kraftfôr. Her finst og varianten fòr (t.d. plogfòr), og endeleg fór i preteritum av verbet fare. I verbet late skil ein mellom presens lèt og preteritum lét.

Bokstavvarianten é er også nytta til å skilje talordet éin (bokmål én) frå artikelen ein (bokmål en). Ordet og i tydinga ‘også’ kan skrivast òg. Men heller ikkje i desse tilfella er aksentbruken påboden.

Til skilnad frå dansk skal ein i norsk rettskriving ikkje nytte noko aksentteikn til å markere utgang på trykksterkt -er. Det som stundom blir nytta, er gravis i imperativ: dokumentèr (i bokmål til skilnad frå substantivet i fleirtal: dokumenter). Men substantiv som kavaler, maner blir skrivne nett slik.

I ord og uttrykk henta frå andre språk følgjer ein gjerne aksentbruken i opphavsspråket jamvel om dette ikkje er påbode, t.d. crème fraîche, tête-à-tête. Derimot er der oftast påbod om aksentbruk i framande geografiske namn, t.d. Andalucía, Genève, Rhône, São Paulo. Merk vidare at tøddelbokstavar ikkje blir omgjorde til dei lydleg samsvarande norske bokstavane: Mälaren, München, Göteborg (men norsk ø i avleiingane gøteborgar, göteborgsk).

Tøddelbokstavane ä, ö, ü blir i norsk alfabetiserte saman med høvesvis æ, ø, y. Omsnudt alfabetiserer ein i framande språk æ som ae, ø blir slått saman med o, og å blir handsama som a. Såleis plasserer eit italiensk atlas Lærdal (skrive nett slik) mellom Lae og Laerru. Tønsberg (skrive slik) er på si side plassert mellom Tons og Toora-Hem. Ålesund (skrive slik) er plassert mellom Alessano og Aletschhorn.

Albansk

Det albanske alfabetet har to bokstavar der diakritika inngår: ç og ë; ç står for tsj-uttale, ë for den uttalen (ofte kalla schwa) me har i norsk av trykklett e i ordutlyd, t.d. i bolle, jente, springje, syngje osb. Den albanske hovudstaden Tirana blir oftast stava slik, men skrivemåten Tiranë er også å sjå. Det heng saman med grammatikken i albansk. Albansk bruker etterhengt bunden artikkel, nett som i norsk. Den bundne artikkelen i hokjønn i albansk er oftast -a, medan den ubundne forma har utgang på . Geografiske namn i hokjønn blir som regel nytta i bunden form, hankjønns­namn i ubunden form. Vekslinga Tirana/Tiranë svarar dermed fonetisk og grammatisk til vekslinga jenta/jente i norsk.

Bosnisk

variant av det språket som tidlegare blei kalla serbokroatisk. Sjå kroatisk.

Dansk

Dansk har bokstavane æ, ø og å felles med norsk. Til liks med norsk er det vanleg også i dansk å bruke bokstaven é (det er ikkje påbode) i ord som allé og idé. I ord med utgang på trykksterkt -er kan dansk også bruke stavemåten -ér: analysér (imperativ, til forskjell frå substantivet i fleirtal: analyser), manér (substantiv, til forskjell frå maner, presens av verbet mane).

Engelsk

Det engelske alfabetet har ingen bokstavar med diakritiske teikn. Der er heller ikkje bruk av diakritiske teikn i vanleg skrift.       

Estisk

Det estiske alfabetet har  bokstavane š, õ, ä, ö, ü. Her står š for sj-lyd. Vokalen õ svarar til ein ø-aktig lyd, men blir og nytta til transkripsjon av russisk ы, som me i norsk gjev att med y.

Nokre stadnamn: Pärnu, Võru, Türi; Baškortostan, Rõbinsk, Voronež (transkripsjon av dei russiske namna Башкортостан, Рыбинск, Воронеж.

Finsk

Finsk har to bokstavar med diakritiske teikn: ä og ö. Døme i stadnamn: Enontekiö, Hyvinkää, Isosyöte, Jyväskylä, Järvenpää, Kyrönjoki, Kyrösjärvi, Päijänne, Riihimäki, Äänekoski.

Fransk

Det ordinære franske alfabetet har ingen diakritiske teikn, men der er likevel mykje bruk av diakritika. Vokalen e har t.d. 5 variantar: e, è, é, ê, ë.

Varianten è står for ein æ-aktig lyd: Genève, mère ‘mor’, légère (hokjønnsforma av adjektivet léger ‘lett’).

Varianten ê står også for ein æ-lyd, t.d. i Angoulême (by i Frankrike) og Gênes (fransk for den italienske byen Genova). Som tidlegare nemnt kan ^ også vise til ein bortfallen s, som i forêt ‘skog’ (frå latin forestis, jf. engelsk forest).

Varianten é står for e-lyden i norsk be og fe, t.d. i épée ‘sverd’, ‘terning’, désinformation ‘desinformasjon’.

Varianten ë kan markere hiatus, t.d. i Israël og i Noël ‘jul’. Hokjønnsformene av adjektiva aigu ‘kvass’ og ambigu ‘tvitydig’ får ein ë i tillegg (> aiguë, ambiguë). Tødlane her markerer at u-en i ordet skal uttalast. Det gjev same uttale i hankjønn og hokjønn: [egy] og [ambigy]. Ei skrivemåte med -ue ville ha gjeve ein stum kombinasjon -ue, slik me har det t.d. i ordet figue [fig] ‘fiken’.

Bokstaven a har 3 variantar: a, à, â. I uttalen er der lang og kort variant, slik der også er i norsk, t.d. ved orda hat og hatt. Kort a er der t.d. i ordet tache ‘flekk’, lang t.d. i page ‘side’. Varianten â er ofte nytta i ord og namn der det tidlegare har vore ein s: bâton ‘stav’ (frå latin bastum), Pâques ‘påske’, Bâle, jf. tysk Basel. Varianten à kjenner me som einbokstavs­preposisjon med fleire tydingar, t.d. à Paris ‘i Paris’.

Også i har 3 variantar: i, ï, î. Varianten ï kan markere hiatus, t.d. i archaïque [arkaik] ‘arkaisk’, haïr ‘hate’, héroïne ‘heltinne’. Han kan også markere j-uttale: t.d. i faïence ‘fajanse’, ïambe ‘jambe’. Denne bruken er mykje nytta i transkripsjon frå russisk, t.d. Baïkal, Maïakovski, Tolstoï, Tchaïkovski. Også i namn frå andre språk kan fransk stundom nytte , t.d. Taïwan. Her kan ein altså merkje seg at den franske bokstavsekvensen nokre gonger står for hiatus, andre gonger ikkje. – Varianten î har me t.d. i chaîne ‘kjede’, maître ‘herre, meister’ og i île ‘øy’ (jamfør den s-en som er til stades i latin insula, italiensk isola og engelsk isle (men engelsk island er ikkje etymologisk i slekt).

Bokstaven o har berre 2 variantar: o og ô. Den siste finn me t.d. i ordet côte ‘kyst’ (frå latin costa, men tydinga ‘kyst’ er ei nyovring i dei romanske språka) og i elvenamna Rhône og Saône (med uttalane [rån] og [sån]).

Bokstaven u har 3 variantar: u, û, ü. Døme på varianten û: mûr ‘mogen’, til skilnad frå mur ‘mur’; sûr ‘sikker’, til skilnad frå preposisjonen sur med fleire tydingar. Den sjeldsynte varianten ü finst t.d. i capharnaüm ‘rotehus’ med hiatusuttale for -aü- og avvikande uttale (ikkje [y]) av ü-en: [kafarna-åm].

Bokstaven y synest ikkje å ha nokon annan variant ved sida av seg.

I franske ord nyttar ein ikkje vokalkombinasjonen oe, men brukar i staden samanskrivinga œ som spesialbokstav (ikkje del av alfabetet), jamfør t.d. œil ‘auge’ og œuf ‘egg’.

Når det gjeld vokalane, særleg e, har altså fransk eit særdeles innfløkt system for veksling mellom ord med og utan diakritika. For konsonantane derimot er biletet enkelt.  Det er berre ç (med s-uttale) som kjem i tillegg.

Færøysk

Det færøyske alfabetet har desse vokalbokstavane: a, á, e, i, í, o, ó, u, ú, u, ý, æ, ø. Variantane med aksentteikn er rekna som eigne bokstavar. Ein kan merkje seg at e-en berre har den varianten.

Historisk sett vart teiknet ´ nytta til å markere vokallengd. No er der oftast meir eller mindre diftongisering i uttalen.

Fæøysk har bokstaven edd (Đ, ð), med lydverdi som i stemd engelsk th (som i father), men ikkje thorn (þ), den ustemde varianten (som i engelsk thing).

Til liks med dansk og norsk brukar færøysk bokstaven ø, til skilnad frå islandsk og svensk med ö. Men her er der ei viss vakling, t.d. har kartboka Heimsatlas frå 1994 formene Tromsö, Bodö, Brönnöysund, men Mosjøen og Sandnessjøen. Sverige er gjeve som Svøríki.

Nokre færøyske stadnamn: Borðoy, Lítla Dímun, Mýrnafjall, Nólsoy, Nýggjaberg, Næraberg, Skálafjørður, Skúvoy, Stóragjógv, Suðuroy, Tórshavn, Vágar.

Gresk

I gresk markerer teiknet ´ trykkplassering, t.d. i øynamna Pátmos (< Πάτμος) og Ródos (< Ρόδος). Alle to- eller fleirstava ord får denne markeringa, medan einstava ord som aller oftast er utan. Språkrådet tilrår å følgje denne praksisen i attgjeving av greske stadnamn og personnamn.

Teiknet ´ blir også nytta til markere avvikande uttale ved vokalrekkefølgjer. Rekkkefølgja αι har ordinært uttalen [e]. Ordet τσάι ‘te’ har diftonguttalen [tsai] og er altså einstava. Aksenten ´ er her sett inn for å avvise den vanlege uttalen av sambandet αι. I ordet καїμάκι ‘skum på kaffi’ viser skrivemåten med to diakritiske teikn til hiatusuttale for rekkjefølgja αι og til trykket på midtstavinga [ka-imáki]. I ordet καΐκι (båttype) er der samplassering av akutt og trema over ι-en; tremateiknet viser til hiatusuttale og akutten viser til trykkplasseringa: [ka-íki].

Tremateiknet treng ikkje vise til hiatusuttale i alle tilfelle. Det russiske innsjønamnet Bajkal (< Байкал) har på gresk forma Βαϊκάλη (Vaikáli i norsk transkripsjon). Her tek tremateiknet over ι-en vare på diftonguttale av αι samstundes som aksenten over den andre α-en plasserer trykket på rett stad. Jamfør ovafor under fransk om tilsvarande bruk av trema der.

Irsk

Irsk har desse bokstavane med diakritiske teikn (ikkje med i alfabetet): á, é, í, ó, ú. Akuttaksenten markerer lang vokal.

Nokre døme: An Bhriotáin (Bretagne), Béal Feirste (Belfast), Baile Átha Cliath (Dublin), Dún Déagh (Dundee), Dún Éideann (Edinburgh), Éire (Ireland), Geansaí (Guernsey), Glaschú (Glasgow), Muir Éireann (Irskesjøen), Oileáin Fharó (Færøyane).

Islandsk

Islandsk har dei same vokalbokstavane som færøysk, men brukar ö, ikkje ø. I tillegg kjem é med uttalen [je], t.d. i [fje] ‘buskap’. Bokstaven á har uttalen [ao], t.d. i  mál [maol] ‘mål’. Bokstavane i, í og y, ý har alle i-uttale med veksling mellom kort og lang vokallengd utan omsyn til bruk av aksentteikn.

Islandsk har både edd og thorn.

Nokre islandske stadnamn: Breiðdalur, Grímsey, Héraðsflói, Húnaflói, Mýrdalsjökull, Reykjavík, Skeggöxl, Skjálfandi, Smörfjöll, Snæfell, Þjórsá, Vatnajökull, Vestfirðir.

Italiensk

Der er ingen diakritiske teikn i det ordinære italienske alfabetet. Der er to teikn som er nytta ein del:  ‘ og ´, t.d. i città ‘by’ og  perché ‘fordi’.

Teiknet ‘ er obligatorisk i to- og fleirstava ord med trykksterk vokalutgang: caffè ‘kaffi’, kafé’; colibrì ‘kolibri’; libertà ‘fridom’; sarò ‘eg kjem til å vere’. Det er ikkje påbudt ved anna trykkmarkering, t.d. til å skilje mellom prìncipi (fleirtal av prìncipe ‘fyrste’) og princìpi (fleirtal av princìpio ‘prinsipp’). Derimot er aksentteikn obligatorisk ved nokre einstava ord for å skilje mellom tydingar: t.d. è (3. person eintal presens av verbet essere ‘vere’) kontra e ‘og’, ‘ja’ kontra si ‘seg’, (3. person eintal presens av verbet dare ‘gje’) kontra preposisjonen da ‘frå’, substantivet ‘te’ kontra pronomenet te ‘deg’.

Teiknet ´ markerer trong vokal. Det er obligatorisk ved ordutgang på trykksterk spiss e, t.d. i perché og dacché, både med tydinga ‘fordi’. Det kan også nyttast til å skilje mellom t.d. ancóra ‘endå’ og àncora ‘anker’.

Teiknet ^ er sjeldsynt. Det kan nyttast til markere fleirtal av ord på -io, t.d. principî, altså ein alternativ skrivemåte til princìpi, jf. ovafor.

Nokre stadnamn: Barzanò (i Piemonte), Cantù (i Piemonte), Cefalù (på Sicilia), Mondovì (i Valle d’Aosta), Pizzo di Vernà (på Sicilia)

Kroatisk (dekkjer også bosnisk og serbisk skrive med latinske bokstaver)

Desse variantane av det som tidlegare var rekna som eitt språk, serbokroatisk, blei og blir skrivne med det latinske alfabetet. I tillegg til standardbokstavane i det latinske alfabetet kjem seks bokstavar med diakritiske teikn: č, ć, dž (blir rekna som eigen bokstav), đ, š, ž.

č står for [tsj], t.d. i øynamnet Korčula og bynamnet Čačak

ć står for [tj], t.d. i etternamnet Andrić og i stadnamna Perković og Vojnić

dž står for [dzj], t.d. i ordet džungla (jungel)

đ står for [dj], t.d. i det historiske personnamnet Karađorđević

š står for [sj], t.d. i bynamnet Šibenik

ž står for [zj], t.d. i øygruppenamnet Palagruža

Latvisk

Det latviske alfabetet har desse bokstavane med diakritiske teikn: č, Ģ ģ, ķ, ļ, ņ, š, ž. Alle desse bokstavane viser til palatisering, dvs. j-aktig uttale. Frå dei slaviske språka kjenner me til kva č, š og ž står for: [tsj], [sj], [zj].

Bokstavvariantane Ģ og ģ skil seg ut  på den måten at plasseringa av det diakritiske teiknet skiftar med vekslinga mellom stor og liten bokstav. Stor bokstav har teiknet under seg, liten har det over seg. Uttalen er den same og kan tilnærma setjast opp som [dj]. Bokstaven ķ står for ein uttale [tj], ļ for [lj].

Ved sida av desse eigne diakritiske bokstavane markerer ein i latvisk lang vokal gjennom strek over bokstaven, jamfør bynamna Jēkabpils, Jūrmala, Liepāja, Rīga. Men variantane med strek over er ikkje rekna som eigne bokstavar i alfabetet.

Litauisk

I det litauiske alfabetet har desse bokstavane diakritiske teikn: vokalane ą, ę, ė, į, ų, ū og konsonantane č, š, ž.

Litauisk skil mellom lange og korte vokalar. Lange er dei med diakritiske teikn pluss o og y. Korte er i og u. Bokstavane a og e viser både til korte og lange vokalar. I grammatikkar og språkvitskapleg litteratur nyttar ein også  akutt (´), gravis (‘) og tilde (~) til å markere kvar trykket ligg. Uttalen av konsonantbokstavane č, š, ž er respektive [tsj], [sj], [zj].

Nokre stadnamn: Klaipėda, Mažeikiai, Šiaulai, Tauragė, Žemaitija.

Moldovsk

Moldovsk har den same bruken av diakritiske teikn som rumensk.

Nederlandsk

Nederlandsk har ingen bokstavar med diakritika i alfabetet.I rekkjefølgjer på to eller fleire vokalar er trema mykje nytta til markering av hiatus, særleg over bokstaven e, t.d. i orda poëzie og coëfficiënt. Denne tremabruken finst m.a. i ei rekkje utalandske geografiske namn, t.d. Albanië, Argentinië, België, Brazilië, Haïti, Israël, og i bibelnamnet Kaïn.

Elles kan ein merkje seg at rekkjefølgja ij (som ikkje er rekna som éin bokstav i alfabetet) blir skriven med to store bokstavar i byrjinga av namn: IJmeer, IJmuiden, IJsland (= Island).

Polsk

Polsk har ei rekkje bokstavar med diakritiske teikn: vokalane ą, ę, ó og konsonantane ć, ł, ń, ś, ż, ź.

ą står for nasalert o, jf. uttalen av fransk on, t.d. i Śląsk (polsk for Schlesien)

ę står for nasalert e, jf. uttalen av fransk vin, t.d. i Częstochowa

ó svarar til norsk o i sol, t.d. i Kraków

ć står for [tsj], t.d. i elvenamnet Noteć og i bynamnet Brześć (Brest i Kviterussland)

ł svarar til engelsk w i well, t.d. i elvenamnet Wisła

ń svarar til fransk og italiensk gn (norsk nj), t.d. i  bynamna Gdańsk og Toruń

ś står for [sj], t.d. i Śląsk

ż og ź står for variantar av [zj], t.d. i stadnamna Żabno og Koźmin

Portugisisk

Til liks med fransk har portugisisk bokstaven ç. Funksjonen er den same, markering av s-uttale, t.d. i bynamnet Bragança.

Elles er diakritiske teikn berre i bruk over vokalbokstavar. Teikna viser dels til vokalkvalitet, dels til avvikande trykkplassering. Det vanlege er at trykket ligg på den nestsiste stavinga eller på den siste om ho endar på -l, -r, -z eller -u:

tilde (~) står for nasalvokal, t.d. i bynamnet São Paulo,

akutt (´) står for open vokal og trykkplassering, t.d. i água ‘vatn’, Setúbal (by i Portugal),

sirkumfleks (^) står for trong vokal og trykkplassering, t.d. i Rondônia (delstat i Brasil), Zêzere (elv i Portugal).

I Brasil bruker ein dessutan tødlar over u etter g og q for å markere w-uttale foran e og i, t.d. i agüentar ‘tolerere’ og tranqüilo ‘roleg’.    

Rumensk

Det rumenske alfabetet har 5 bokstavar med diakritiske teikn: ă, â, î, ş, ţ.

Bokstaven ă står for schwa-uttale (jamfør ë i albansk).

Bokstavane â og î har den same uttalen, ein y-aktig lyd som svarar til uttalen av den russiske bokstaven ы. Etter at Ceauşescu-regimet fall, vart bruken av dei to bokstavane regulert etter den enkle regelen at î skal brukast  i byrjinga og slutten av ord, elles skal ein bruke â. Nokre unntak finst, t.d. i samansette ord.

Døme på ă og â: Brăila, România, Târgu Mureş.

Bokstaven ş står for [sj], t.d. i hovudstadsnamnet Bucureşti.

Bokstaven ţ står for [ts], t.d. i i bynamnet Galaţi.

Russisk

I ordbøker og grammatikkar og i oppslagsord i leksikon bruker ein akutt aksent (´) til å vise kvar trykket ligg, t.d. Москвá (> Moskva). I vanleg tekst er ikkje trykkplassering markert.

Ved sida av e har ein i det russiske alfabetet også bokstaven ë. Mens e i transkripsjon til norsk har formene e og je, blir ë transkribert med jo, t.d. Алёша > Aljosja og Горбачёв > Gorbatsjov. I vanleg russisk skrift nyttar ein oftast e i staden ë.

I russisk samanheng er ë-en alltid trykksterk. I transkripsjon frå andre språk blir ë stundom nytta utan å vere trykkmarkerande, t.d. i Будё (< Bodø)

Den russiske j-en (й) kan sjåast som ein i (и) pluss eit diakritikon, jamfør Василий (> Vasilij).

Samisk

Det nordsamiske alfabetet har 7 bokstavar med diakritika: á, č, đ, ŋ, š, ŧ, ž.

á (aksent-á) står for ein for æ-aktig lyd, lang eller kort

č står for [tsj]

đ står for stemd th-lyd, som i engelsk father

ŋ står for to uttalevariantar, anten som ng i norsk bang eller som trøndsk nn i mann; føre g og

k berre som ng

š står for [sj]

ŧ står for ustemd th-lyd, som i engelsk think

ž står for den stemde varianten av č, [dzj]

Nokre døme i geografiske namn: Čáhppesmearra (Svartehavet), Fráŋkriika (Frankrike), Guovžasuolu (Bjørnøya), Kárášjohka, Papua-Ođđa-Guinea (Papua Ny-Guinea), Ruošša (Russland), Ruoŧŧa (Sverige), Sápmi (Sameland).

Serbisk

(skrive med latinske bokstavar), sjå kroatisk.

Spansk

Bokstaven ñ er den einaste i alfabetet med eit diakritikon. Han står for nj-lyd, jamfør gn i fransk og italiensk. Elles blir rekkjefølgjene ch, ll og rr rekna som eigne bokstavar med plassering etter høvesvis c, l, r.

Spansk nyttar akutt aksent (acento agudo) for å markere avvik frå vanleg trykkplassering. Etter reglane skal trykket liggje på nestsiste staving om ordet endar på vokal, diftong, n eller s. Endar ordet på konsonanant (unnateke n og s) skal trykket liggje på siste staving. Døme på markering av trykkplasseringa: Andalucía, Gijón, médico ‘lækjar’.

Etter g nyttar spansk tødlar over u for å markere w-uttale foran e og i, t.d. i Camagüey (by på Cuba).

Fleire døme i stadnamn: Alcalá de Henares, Almería, Córdoba, Écija, La Coruña, Lérida, Logroño, Málaga, Mérida, Morón, Sanlúcar de Barrameda.

Svensk

Svensk har å-en felles med norsk, men nyttar ä og ö i staden for æ og ø. I alfabetet er å, ä, ö dei tre siste bokstavane. Til ganske nyleg har w ikkje vorte rekna som eigen bokstav, men som variant av v. Til dømes er ord og namn med w samalfabetiserte med v i Nationalencyklopedin.

Endringa med w som eigen bokstav kom den 13. utgåva av SAOL (Svenska Akademins ordlista över svenska språket).

I ord av typen armé, idé skal aksenten brukast, også i bøygde former: idé, idén, idéer.

Tsjekkisk

4 bokstavar med diakritika (č, ř, š, ž) er eigne bokstavar i alfabetet. Rekkjefølgja ch (med uttale som ch i tysk doch) blir også handsama som eigen bokstav med plassering etter h. I tillegg har ein diakritika i desse bokstavane som blir betrakta som variantar: á, ď, é, ě, í, ň, ó, ť, ú, ů, ý.

Bokstavane č, š, ž står for uttalane [tsj], [sj], [zj].

Bokstavane ď, ť, ň står for palataliserte [j-aktige) utgåver av d, t, n. For ď og ť kan ein merkje seg at dei store bokstavane har ein hake over seg i staden for ein krøll ved sida av: Ď, Ť

Bokstaven ř (kjend frå komponistnamnet Dvořák) vert gjerne karakterisert som ein kombinasjon av r og [sj] eller [zj].

Bokstavane med akutt aksent (á, é, í, ó, ú, ý) står for lange vokalar. Også ů står for lang u. Dei fire bokstavane i, í og y, ý står alle for i-lydar.

Bokstaven ě står for uttalen [je], etter m for uttalen [nje], t.d. i město [mnjesto] ‘by’.

Nokre døme i geografiske namn: Aš, Česká Lípa, České Budĕjovice, Český Krumlov, Dobříš,  Dvůr Králové nad Labem, Džbán,Londýn (London), Maďarsko (Ungarn), Plzeň, Řecko (Hellas), Řím (Roma), Ústí nad Labem.

Tyrkisk

Det tyrkiske alfabetet har desse bokstavane med diakritika: ç, ğ, ö, ş, ü. Med i alfabetet er også dei to i-ane, ein utan prikk og ein med. Dei ser slik ut: I, ı, İ, i. Ikkje med i alfabetet er bokstavar med sirkumfleks for markering av vokallengd, oftast â og î.

Bokstaven â er også nytta til å markere palatalisering av ein føregåande eller påfølgjande g, k eller l.

ç er den ustemde varianten [tsj] av c [dzj]

ĝ har tilnærma j-uttale

i med prikk svarar til norsk i

ı står for ein schwa-aktig lyd

ö svarar til norsk ø

ş står for uttalen [sj]

ü svarar til norsk y

Nokre døme i geografiske namn: Çanakkale, Diyarbakır, Elâzığ, Eskişehir, İstanbul, Lübnan (Libanon), Lübnanî (libanesisk), Suğla Gölü.

Tysk

Tysk har omlydsvokalane ä, ö, ü. Dei vert ikkje handsama som eigne bokstavar i alfabetiske lister, men plasserte innimellom ord med a, o, u. Til dømes fører eit leksikon opp dei tre orda Olduvai, Öle, Oleander nett i den rekkjefølgja.

Tysk har spesialbokstaven ß (scharfes S). Han har same lydverdi som ss og skal brukast etter lange vokalar og diftongar, mens ss skal brukast etter korte vokalar. – I Sveits blir ß vanlegvis ikkje nytta.

Nokre døme i geografiske namn: Ägypten, Äthiopien, Dänemark, Kärnten, Mähren, Köln, Mönchengladbach, Österreich, Düsseldorf, München, Nürnberg, Thüringen, Zürich.

Ungarsk

Ungarsk skil mellom korte og lange vokaler.

Dei korte er a, e, i, o, ö, ü.

Dei lange er á, é, í, ó, ő, ű.

Der er altså to sett med tøddelbokstavar: dei korte ö, ü og dei lange ő, ű.

Ungarsk har ingen konsonantbokstavar med diakritika.

Nokre døme i geografiske namn: Bécs (Wien), Dunántúl, Győr, Jászság, Kaposvár, Kiskőrös, Komló, Pécs, Tatábanya, Tiszafüred.

Oversyn over kvar bokstavvariantane er å finne

Fordelinga er her gjeven etter dei interne forholda i kvart språk, dvs. der er ikkje teke omsyn til bruk av diakritika i ord og namn som er henta inn frå andre språk, t.d. skrivemåtane tête-à-tête og München i norsk. – Oversynet gjeld dei språka som er omtala ovafor. Gresk og russisk er teke med i dei tilfella bokstavane der har (omtrent) den same utsjånaden som dei latinske. Merk at den same bokstaven kan ha heilt ulike verdiar i ulike språk.

A

Á, á: færøysk, gresk, irsk, islandsk, italiensk, portugisisk, russisk, samisk, spansk, tsjekkisk, ungarsk

À, à: fransk, italiensk

Â, â: fransk, rumensk, tyrkisk

Ã, ã: portugisisk

Ä, ä: estisk, finsk, svensk, tysk

Ă, ă: rumensk

Ā, ā: latvisk

Å, å: dansk, norsk, svensk

Ą, ą: litauisk, polsk

Æ, æ (< ae): dansk, norsk, færøysk

E

É, é: dansk, fransk, gresk, irsk, islandsk, italiensk, norsk, russisk, svensk, tsjekkisk, ungarsk

È, è: fransk, italiensk, norsk (lite brukt)

Ê, ê: fransk, portugisisk

Ë, ë: albansk, fransk, nederlandsk, russisk

Ě ě: tsjekkisk

Ē, ē: latvisk

Ė, ė: litauisk

Ę, ę: litauisk, polsk

I

Í, í: færøysk, gresk, irsk, islandsk, tsjekkisk, ungarsk

Ì, ì: italiensk

Î, î: fransk, italiensk (lite brukt), tyrkisk

Ï, ï: fransk, gresk, nederlandsk

Ī, ī: latvisk

Į į: litauisk

I, ı: (utan prikk) gresk, tyrkisk

O

Ó, ó: færøysk, gresk, irsk, islandsk, norsk (lite brukt i trykk, men vanleg i handskrift i staden

for ø), polsk, tsjekkisk, ungarsk

Ò, ò: norsk (lite brukt)

Ô, ô: fransk, norsk (lite brukt), portugisisk

Õ, õ: estisk, portugisisk

Ö, ö: estisk, finsk, islandsk, svensk, tyrkisk, tysk, ungarsk

Ő, ő: ungarsk

Ø, ø: dansk, færøysk, norsk

Œ, œ (< oe): fransk

U

Ú, ú: færøysk, irsk, islandsk, tsjekkisk

Û, û: fransk, tyrkisk

Ü, ü: fransk (lite brukt), tyrkisk, tysk, ungarsk

Ű, ű: ungarsk

Ū, ū: latvisk, litauisk

Ů, ů: tsjekkisk

Y

Ý, ý: færøysk, islandsk, tsjekkisk

C

Ć, ć: kroatisk, polsk

Č, č: kroatisk, latvisk, litauisk, samisk, tsjekkisk

Ç, ç: albansk, fransk, portugisisk, tyrkisk

D

Ď, ď: tsjekkisk

Đ, đ: kroatisk, samisk

Đ, ð: færøysk, islandsk

G

Ģ, ģ: latvisk

Ğ, ğ: tyrkisk

K

Ķ, ķ: latvisk

L

Ł, ł: polsk

Ļ, ļ: latvisk

N

Ń, ń: polsk

Ñ, ñ: spansk

Ň, ň: tsjekkisk

Ņ, ņ: latvisk

Ŋ, ŋ: samisk

R

Ř, ř: tsjekkisk

S

Ś, ś: polsk

Š, š: kroatisk, latvisk, litauisk, samisk, tsjekkisk

Ş, ş: rumensk, tyrkisk

SS

ß: tysk

T, TH

Ť, ť: tsjekkisk

Ŧ, ŧ: samisk

Þ, þ: islandsk

Ţ, ţ: rumensk

Z

Ż, ż: polsk

Ž, ž: kroatisk, latvisk, litauisk, samisk, tsjekkisk

 

Tillegg – alfabeta i gresk, russisk og serbisk

gresk: Αα, Ββ, Γγ, Δδ, Εε, Ζζ, Ηη, Θθ, Ιι, Κκ, Λλ, Μμ, Νν,  Ξξ, Οο, Ππ, Ρρ, Σσ, Ττ,Υυ, Φφ, Χχ, Ψψ, Ωω

russisk: Аа, Бб, Вв Гг, Дд, Ее, Ёё, Жж, Зз, Ии, Йй, Кк, Лл, Мм, Нн, Оо, Пп, Рр, Сс, Тт, Уу, Фф, Хх, Цц, Чч, Шш, Щщ, Ъъ, Ыы, Ьь, Ээ, Юю, Яя

serbisk (med samsvarande kroatisk bokstav i parentes): Аа (a), Бб (b), Вв (v), Гг (g), Дд (d), Ђђ (Đđ), Ее (e), Жж (ž), Зз (z), Ии (i), Jj (j), Kк (k), Лл (l), Љљ (lj), Мм (m), Нн (n), Њњ (nj), Оо (o), Пп (p), Рр (r), Сс (s), Тт (t), Ћћ (ć), Уу (u), Фф (f), Хх (h), Цц (c), Чч (č), Џџ (dž), Шш (š)