Magne Rogne Nynorsk – det nye riksmålet?

Styret i Språkrådet vedtok 14. september å starte arbeidet med å lage «ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer». Målet er ei norm som er stabil over tid. Dette kan verke forlokkande nok, men både det stramme og det stabile kan i denne samanhengen fort vise seg å stå i motsetning til intensjonane bak det nynorske prosjektet.Det nynorske prosjektet har heilt sidan starten vore eit demokratisk prosjekt – ein ville gi folk høve til å nytte eit skriftspråk som låg nært eige talemål. På den måten kunne dei lettare delta i dei demokratiske prosessane på lik fot med elitane. Dette har vore ei sentral linje i målrørsla, frå Ivar Aasen og Olaus Fjørtoft, via Halvdan Koht til Kjartan Fløgstad og Olaug Nilssen.

Talemålet i Noreg har vore, og er framleis, variert. Difor vil ei stram norm kunne verke ekskluderande på store grupper som ikkje vil finne igjen nok av talemålet sitt til at dei kjenner seg heilt heime i skriftspråket. Språkrådet vil byggje den nye forma på eit «breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråkstradisjonar». Dei som kjenner litt til norsk språkhistorie, veit at dette ikkje går opp når resultatet skal bli ei stram norm. Noko må nødvendigvis vike, og eg fryktar at det blir talemålsgrunnlaget.

Ein viktig grunn til det er at ei satsing på skriftspråkstradisjonane sannsynlegvis vil skape minst støy rundt vedtaksprosessen, og det vil nok verke freistande for både Språkrådet og Kulturdepartementet. Her vil dei dessutan kunne få viktig støtte frå delar av målrørsla som stadig går i meir konservativ retning. Det gjeld særleg den etter kvart politisk sære Målungdomen, men òg den einaste landsdekkjande nynorskavisa, Dag og Tid. I denne avisa har dei tilsett ein korrekturlesar som på kort tid har dreia avisspråket langt i konservativ retning. At avisa òg har opphøgd den gamle riksmålsmannen Asbjørn Aarnes til «huspoet» på eit arkaisk nynorsk inspirert av 1917-rettskrivinga, må vel helst sjåast på som eit kuriosum. Men den samla tendensen i avisspråket vil sannsynlegvis skremme yngre lesarar vekk både frå avisa og nynorsken, fordi endringane i talemålet har vore relativt store sidan den konservative delen av nynorsken vart gjort til skriftnorm. Dette skriftspråket blir altså framand for mange av dei – avstanden til deira eige talemål er for stor til at dei vil identifisere seg med det.

Her kjem det andre målet til Språkrådet inn – ønsket om å lage ei norm som er stabil over tid. Det er sjølvsagt den våte, konservative draumen til dei fleste som arbeider profesjonelt med språk. Då kan ein lære seg norma, trekkje stigen opp etter seg og nytte tida til å skjelle ut den håplause ungdommen som ikkje greier å (eller vil?) lære å skrive ei skriftnorm som talespråket deira forlengst har fjerna seg frå. Den yttarste konsekvensen av skriftnormer som er stabile over lang tid, er at språket blir eit elitistisk stengsel for brei demokratisk deltaking – altså eit samfunn der posisjonane er reservert nokre få grupper «skriftlærde». Ei slik konserverande normering av nynorsken vil stride mot heile det nynorske prosjektet, og nynorsken vil etter kvart kunne ende opp på den same måten som riksmålet. Riksmålet var ein slik type elitespråk som breie lag av folket etter kvart vende ryggen, med det resultatet at det no i praksis er utdøydd.

Kronargumentet for ei stram og stabil norm er det pedagogiske. Gjenkjenning av skriftbildet skal skape tryggje språkbrukarar. Det kan det vere noko i for språk som ikkje byggjer på talemålet til eleven, men for nynorsken er det ei anna type gjenkjenning som er viktigast. Mi erfaring som lærar i både nynorsk som hovudmål og sidemål har vist meg at elevane har ei klar forventning om å kunne nytte mest muleg av sitt eige talemål i skrift. Det er ord og vendingar som dei slett ikkje kjenner igjen frå eiga eller andre si tale, dei gjerne reagerer negativt på – altså ord og former som hovudsakleg er knytt til den nynorske skrifttradisjonen.

På bakgrunn av dette vil ei konservativ dreiing av nynorsken slett ikkje hjelpe elevane. Det vil gå som med latinklassa til lille Marius. Nokre få vil greie det og stige opp i nynorskeliten, nokre få vil «døy» av det, medan dei fleste sannsynlegvis vil ende opp som nynorskhatarar.

Nei, svaret kan heller vere å sjå mot der normtvangen er svakast og språkbruken friast, nemleg skrivinga i til dømes tekstmeldingar og på nettet. Her skriv mange, særleg unge, på ein dialektnær måte som i mangt kan minne om nynorsk språkbruk, sjølv frå dei som har hatt bokmål som sitt hovudmål. Og her finn folk som har hatt vanskar med å uttrykkje seg skriftleg i skulen ein arena der dei kan fungere skriftleg på linje med andre.

Eit interessant språkdrag som viser seg i desse språkleg sett demokratiske frisonene, er til dømes at svært mange kuttar ut såkalla stumme konsonantar som ikkje har vore ein del av naturleg talemål på lange tider. Det er eit eksempel nynorsknormerarane kunne ha teke etter. For det er nemleg ikkje slik ein av og til kan få inntrykk av i ulike språkdebattfora – at dei som vel å bryte normene på denne måten, nærmast er dumme. Folk flest er slett ikkje dumme, og dei vel så klart å kommunisere på måtar som er føremålstenlege. Dersom dei trudde at andre ikkje ville forstå dei, så ville dei sjølvsagt ikkje ha skrive slik. Og dersom det etter kvart viste seg at dei ikkje nådde fram, ville dei like sjølvsagt ha lagt om skrivemåten.

Trenden i tida er altså språkleg mangfald bygd på talemål, dersom ein ser på media og kommunikasjonsformer som har framtida for seg. Her har nynorsken verkeleg ein sjanse til å nå ut som eit reelt alternativ for mange språkbrukarar. Men då må ein opne norma framfor å lukke ho. Språkrådet må gjerne fjerne sideformene – den slags a- og b-stempel på ord- og språkformer treng ikkje staten å formidle. Men dei må altså likestille flest mogleg former i normalen og opne opp for alle ord som er vanlege i dialektane, slik at brukarane ser mulegheitene til å skrive talemålsnært. Berre slik kan nynorsken unngå å bli det nye riksmålet, og i staden bli eit skriftspråk for folk flest.

Magne Rogne er stipendiat i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger