Lars S. Vikør: NS og språkpolitikken: høgnorsk ideologi og bokmålsk praksis

Den hissigaste språkdebatten det siste dryge halvåret har handla om språkpolitikken under okkupasjonen 1940-45, og har fått fram i lyset ein del kunnskap som nok var ukjend for dei fleste. Kjartan Fløgstads bok Brennbart utløyste ordskiftet. Han drog der fram dokumentasjon som viser at sentrale krinsar i Riksmålsforbundet samarbeidde med dei daverande styresmaktene (NS) om ei «annullering» av 1938-rettskrivinga, samtidig som han kunne tilbakevise meir eller mindre halvkvedne viser om samrøre mellom målrørsla og Nasjonal Samling. Han gjekk nokså hardt ut mot namngitte personar som på ulike måtar har antyda eit slikt samrøre, med Hans Fredrik Dahl som fremste skyteskiva. Dette førte til sterke reaksjonar frå den riksmålsvennlege sida, og ein debatt som i stor grad også har dreidd seg om stillinga til nynorsken i dag og dei haldningane som no dominerer overfor denne målforma og det kultur- og historiesynet den bygger på – såleis knytte Fløgstad medvete sambandet til dagens aksjonar mot sidemålsstilen.Eg skal ikkje gå så mye inn på dette her, men nøye meg med å konstatere at Fløgstad i det store og heile har god dokumentasjon på påstandane sine, sjølv om han bruker såpass sterke og personlege karakteristikkar at han ber om motangrep. Han veit kva som skal til for å få i gang ein debatt og ikkje bli oversett i media i dag. Og debatten er jo blitt omfattande og har belyst så mange emne at alt som kan seiast, er blitt sagt tusen gonger – det er i alle fall den umiddelbare kjensla når ein blar gjennom klippsamlingane som ivrige målfolk har laga.

Men noko manglar likevel: Ordskiftet har (nesten) berre krinsa om aksen riksmål – nynorsk. Her i Språklig Samling er det naturleg å sjå nærare på det tredje standpunktet, samnorsklina, og korleis den plasserte seg i dette bildet. Det er påfallande – men kanskje tidstypisk – at dette perspektivet nesten er blitt borte frå det aktuelle ordskiftet. Fløgstad nemner rett nok på s. 35 i boka si at 1938-rettskrivinga og dermed samnorskstrevet fekk status som ein samlande motstandsideologi under krigen, og siterer jamvel ein patent riksmålsmann som Asbjørn Aarnes som kjelde for denne påstanden.

Men det er også blitt med det. Tidlegare har vi derimot hatt ulike forsøk på «oppgraving» av NS-rettskrivinga, såleis rundt 1960 og i dei følgjande åra, men da var det riksmålsfolk som stod for det, og dei gjekk langt i å stemple NS-politikken som ein samnorskpolitikk.

Her skal eg først gi oppsummering av språkpolitikken til NS, ikkje minst på grunnlag av Arne Tjelles hovudoppgåve Rettskrivinga av 1941, som er trykt i skriftserien Nordica Bergensia (nr. 2 – 1994). Så skal eg sjå på konsekvensane av den for samnorskpolitikken si stilling etter krigen, og korleis NS har vorte brukt og særleg misbrukt i språkstriden på sekstitalet og seinare. Arne Torp har elles behandla dette emnet her i bladet i artikkelen «Samnorsktanken som naziideologi» (nr. 3-1993), og eg viser også til den.

«NS-rettskrivinga»

Nasjonal Samling hadde ein språkpost i programmet sitt frå 1933: «Den naturlige sammensmelting av de to målfører til ett norsk skriftsprog fremmes, men uten tvang». Det var i hovudsak det same som alle dei demokratiske partia unntatt Høgre gjekk inn for. I praksis var språkpolitikk aldri noka viktig sak for NS gjennom trettiåra. Såleis tyder lite på at Quisling var særleg interessert i det – heller ikkje under krigen ser det ut til at han personleg gjorde noko i høve til dette saksfeltet.

Men NS-regjeringa under krigen hadde ein kulturminister (dei føregreip demokratiet med førti år i det å skilje ut eit kulturdepartement frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet) med slike interesser, Gulbrand Lunde. Han ønskte å gjennomføre ei ny rettskrivingsreform i begge målformer som skulle gi oss eit «høinorsk høvisk mål». Dette vart til 1941-rettskrivinga, som mest var eit rammeverk det vart arbeidd vidare med i departementet (Lunde sjølv døydde i ei bilulykke i 1942) i samspel med språkpolitisk interesserte grupperingar utanfor regjeringa, blant dei Riksmålsforbundet og somme målfolk. Det er dette som har vore eitt av hovudpunkta i den hissige debatten i vinter, og eg tar ikkje opp den tråden her. I denne samanhengen er det innhaldet i NS (eller Lunde & Co) sin politikk som har interesse – slik det kom til uttrykk i den konkrete rettskrivingsreforma.

Det viktigaste ved denne reforma var at ho var ein reaksjon på 1938-rettskrivinga, «det Kohtske knot», som Lunde uttrykte det. Fiendebildet var altså det same som det Riksmålsforbundet og høgnorskfolka hadde. Samtidig delte NS det synet at det burde skje ei samansmelting av målformene. Poenget var at det ikkje skulle skje på «folkemåls grunn». Det skulle skje på «høgnorsk» grunn. Og det skulle skje på lang sikt. Dette verkar – og verka den gongen – temmeleg sjølvmotseiande, i alle fall når ein skulle praktisere det og ikkje berre ønskje det.

Løysinga var å rykke tilbake eit par steg, i retning av 1917, kanskje mest konsekvent i nynorsken. Der vart såleis i-målet restaurert att, tradisjonelle former kom til heider og ære mens tilnærmingsformer vart strokne. Dei mest gjennomslagskraftige tilnærmingsformene, særleg a-endinga i hokjønn, fekk stå som jamstilte former (men i den offisielle 1941-ordlista som vart gitt ut, står det at -i var det vi kallar hovudform, -a berre sideform – andre stader er det snakk om jamstilling). I fleirtal av svake hokjønnsord vart formene på -or – -oneobligatoriske, altså: døra eller døri, men berre gatorgatone. Elles vart infinitiv på -a eineform, like eins supinum av sterke verb på -e (har kome, etter 1938 skulle det vere -ikomi). Former som gjenommillomtritrettantjugespjotmyrkvekkjing, breid, leid, fåre, fårleg, fyrst, fyre (men før) vart eineformer, andre tradisjonelle former vart jamstilte, og nokre få (um, upp, yver) vart berre sideformer. Dette vekte lite strid: Dei nynorske NS-folka var tydelegvis nøgde, og dei andre deltok ikkje i ordskifte om dette emnet under okkupasjonen.

I bokmål vart ei tilsvarande reversering gjort: Her vart a-formene kasta ut i mange hokjønnsord (men ikkje i dei «særnorske» og mest daglegdagse, der dei i ein del tilfelle framleis skulle vere obligatoriske, som i elva, brua, bjørka, grana). A-former i verb vart avskaffa og -etgjort obligatorisk: altså berre kastet, ikkje kasta. Like eins vart mange nye 1938-former som gjømme, glømme, hol, kol, sia, trøtt, lege, lekmann, kunne, skulle og ville forbodne – det skulle vere obligatorisk med gjemme, glemme, hull, kull, siden, trett, lægelegmannkunde,skulde og vilde. (Men det vart innført ein regel om at mens kull skulle vere obligatrisk, skulle kol- vere obligatorisk i samansetningar somkolbrenner og kolmile, men berre kull-kullhydrat!) Ortografiske endringar frå 1938, som øy for øi, meg, deg, seg for mig, dig, sig, og opp forop, vart behaldne; dette godtok også riksmålsrørsla etter krigen. I tillegg vart ein del nynorsknære former behaldne eller innført, delvis valfritt og delvis obligatorisk, av den typen som peika bakover mot gammalnorsk og fekk stempelet «høgnorsk»: nogjentelikne, bu(verbet), veg, sæter, gjæte, sokn vart såleis obligatoriske i 1941, og ein del obligatoriske former frå 1938 som hage, gjennom, mellom, snø, bru, etter, fram, hard, kald, farge, hva, svart, språk, rom, vitne, åker vart behaldne. Ikkje minst «norrøne» diftongformer fekk høg status: Det vart obligatorisk å skrive heim, bein, sein, lauv, leik. Det var ein tributt til Lundes høgnorske syn. Forma no fekk ein særskild status som «faneform», i og med at den aldri hadde vore tillaten i bokmål før, heller ikkje i 1938, og vart rekna som ein spesielt «høgnorsk» markør, mellom det «danske» nu og det «uskjønne» (G. Lunde) No i bokmål vart sjølve symbolet på lojalitet til NS sin politikk. (Men samansetningar som nutid og nuværende var framleis tillatne, attåt no-, derimot ikkje nå-!)

Denne rettskrivinga var altså ikkje «samnorsk» – ein term NS sjølv ikkje brukte – men ho inneheldt mange former som gav vanlege riksmålsbrukarar det inntrykket. Det var i denne situasjonen at aktivistar i riksmålsrørsla og somme «høgnorske» målfolk heldt kontakt med NS – utan nødvendigvis å vere nazistar sjølve – for å påverke rettskrivinga mest mogleg. Dei oppnådde ikkje alt dei ville, for det var strid om denne rettskrivinga, også i departementa (ved sida av Kulturdepartementet også KUD, der Lunde altså ikkje var statsråd). Første steget i utforminga var at ein departementsnedsett komité dominert av riksmålsfolk la fram eit reformutkast som førte inn att svært mange riksmålsformer, mest valfritt, ikkje så ulikt den reforma som kom i 1981. Men Lunde reagerte mot dette, og beordra innføring av ei rekke «høgnorske» former, som vi har gitt døme på ovanfor. Men striden var ikkje over med det; det var folk i departementa som ønskte ei meir «rein» riksmålsrettskriving fordi dei meinte at det ville vere meir «germansk» (dvs. nærare tysk). Eit stort stridsspørsmål var t.d. fordelinga av fortidsendingane -et og -te (snakket vs. snakte osv.): Dei mest «germanske» ville ha mest mogleg -te, fordi denne forma hadde sigra i tysk, mens dei mest «nasjonale» (som Lunde) ville ha mest mogleg -et, som dei meinte kunne gi grunnlag for -a i ei framtidig reform (!). Ei anna omstridd sak var endinga i ubestemt form fleirtal av inkjekjønnsord (brev vs.brever t.d.), der «germanistane» ville ha -er, «norrønistane» inga endring, og reglane vart mildt sagt uklare. Forsøka på å utvikle rettskrivinga ved å utarbeide ein læreboknormal m.m. førte ikkje til noko. Men det kom stadige revisjonar etter tautrekkingane i dei to departementa; dei vart kunngjort i fleire nye ordlister etter kvart.

Gjennomføringa av rettskrivinga var såleis eit kapittel for seg. Dei fleste lærarar var fiendslege til NS og anerkjente ikkje 1941-rettskrivinga, og det var ikkje mogleg for NS å tvinge ho igjennom på den tida krigen varte. Faktisk vart den formelle innføringa av rettskrivinga utsett år for år til NS si tid var ute – fordi detaljutforminga av rettskrivinga drog ut og eigentleg aldri vart fullført. Lærebøker med NS-rettskriving kom det heller ikkje mange av, for forlag og bokhandlar hadde svære opplag av nytrykte 1938-bøker og hadde ikkje økonomi til å trykke mange bøker på nytt med 1941-rettskriving, særleg sidan den nye rettskrivinga stadig var i støypeskeia (papirrasjoneringa under krigen verka sjølvsagt òg hemmande på publisering av nye opplag). Til gjengjeld vart rettskrivinga innført hardhendt i pressa – for der hadde NS sensurmakt og kunne tvinge gjennom viljen sin. Der lét dei seg ikkje stogge av mangel på avklaring i detaljane, for i 1942 sende Kulturdepartementet ut lister over enkeltord med autorisert skrivemåte, ei ny liste kvar månad i eit halvt år. Desse listene måtte både avisfolka og sensorane halde seg til. Altså får vi ei rettskrivingsreform som er heilt «bakvendt» i forhold til dei vanlege: Normalt blir norske rettskrivingar gjennomført i skolen, men ikkje eller berre tregt i pressa (og da frivillig). 1941-rettskrivinga slo ikkje gjennom i skolen, men derimot nettopp i pressa. Inntil 8. mai 1945.

Dette har påverka synet på reforma i ettertid, for pressa er jo dei ei av dei mest «synlege» arenaene for rettskrivingsbruk i dagleglivet. Bruken av no osv. i slike medium er derfor svært augefallande for lesarar både i samtid og ettertid. Dei konvensjonelle riksmålsformene som også vart tvinga inn att, reagerer derimot ingen på. Det er dette som har gitt ettertida inntrykk av ei svær og gjennomgripande reform av bokmålet i NS sin regi.

Etterraksten

Rett etter krigen hadde både 1938-rettskrivinga og tilnærmingspolitikken høg legitimitet blant folk, noko vi ser av ei meiningsmåling frå 1946 – både fordi denne politikken hadde demokratisk legitimitet, og fordi nasjonalt samarbeid på alle frontar var blitt ein viktig verdi for folk. Det vart òg tatt eit rettsleg oppgjer med somme av dei riksmålsfolka som hadde samarbeidd med NS, men ganske mildt, naturleg nok når vi tenker på dei alvorlege overgrepa og brotsverka som elles stod i fokus i dette oppgjeret. Fløgstad viser at Riksmålsforbundet internt skuffa sand over det heile så snart dei kunne, for så å begynne å bygge opp att rørsla under leiing av motstandshelten Arnulf Øverland. Etter det gjekk riksmålssamrøret med NS i gløymeboka. Også målrørsla sette utanfor dei få målfolka som hadde vore i NS, så temaet «krigen» var stort sett borte frå språkstriden nokre år.

Viktig har dette temaet aldri vore seinare heller, men i 1960-åra var det somme riksmålsfolk som prøvde å spele kortet NS = samnorsk. Da hadde Riksmålsforbundet valt høgsterettsadvokat J. B. Hjort som formann, ein av dei tidlege NS-leiarane (nestformann i NS frå 1933 til 1936) som hadde roke uklar med Quisling i tide og enda med å støtte motstandsrørsla og bli internert i Tyskland i fleire år. Hjort hadde i sekstiåra fått att den demokratiske legitimiteten sin og kjempa for fleire liberale fanesaker, m.a. som forsvarar for Agnar Mykle i den berykta saka mot han. Men heller ikkje Hjort heldt seg for god til å bruke nazirettskrivinga mot samnorskpolitikken, rett nok ikkje så mye på reint språkleg grunnlag som i kampanjen sin for ein liberalistisk språkpolitikk mot «statleg tvang», som vi må seie at NS hadde vore ein sterk utøvar av på eit tidspunkt da han ikkje hadde meir med partiet å gjere. Fleire som kjende materien, peika på korleis det eigentleg hadde seg med NS-rettskrivinga; Einar Haugen får det godt fram i storverket «Riksmål og folkemål». Forsvaret mot Hjorts anklagar gjekk elles ut på at eit demokratisk og folkevalt Storting hadde rett og legitimitet til å drive rettskrivings- og språkpolitikk, eit okkupasjonsstyre på tyske bajonettar hadde det ikkje. Den argumentasjonen var i og for seg ikkje vanskeleg å forstå og godta for dei fleste, og nokon stor strid vart det ikkje om dette.

Elles var det slik den gongen at mye som det kunne stillast spørsmålsteikn ved som gjaldt krigen og okkupasjonen vart dytta under teppet og i alle fall ikkje skrive om offentleg; mange impliserte levde enno, og det vart ikkje rekna som akseptabelt å snakke offentleg om desse tinga no da rettsoppgjeret forlengst var avslutta og dei som skulle sone, hadde sona. Folk skulle leve saman, det var sterk skam knytt til ei NS-fortid, og slikt kunne finnast i dei fleste miljø og slekter. Så dei ville ikkje rive opp sår. For oss som var fødde «for seint», hadde det den konsekvensen at vi visste svært lite om det som hadde skjedd, og aller minst om eige nærmiljø – i den grad vi ikkje fanga det opp ryktevis. Eg debatterte såleis med J. B. Hjort i Aftenposten i 1965 utan å ha aning om NS-fortida hans. Dei vaksne rundt meg visste det, men dei sa ikkje noko. Dei var truleg redde for at eg skulle blamere meg ved å bryte eit tabu.

Men tida gjekk og etter kvart kom jo denne «under-bordet-kunnskapen» opp att (og meir til), som «avsløringar» gjort av nye generasjonar, og dei har etter kvart slått i alle retningar. Vi har levd høgt på slikt i fleire tiår no.

Nye generasjonar har tatt opp att tråden når det gjeld NS-rettskrivinga òg, såleis Jan E. Hansen i Aftenposten tidleg på nittitalet – det var han som gav Arne Torp inspirasjonen til å sette ting på plass her i bladet i 1993.

Men mytane lever enno, som Knut Olav Åmås viser i den store Olav H. Hauge-biografien sin – han er så vidt innom emnet i ei drøfting av Hauges språksyn, og antydar der at NS skapte motvilje mot nynorsken ved å tvinge inn nynorske ord i bokmålet. Historikaren Øystein Sørensen kallar (i eit oppslag i Dagbladets nettavis) NS-rettskrivinga for «en form for gammeldags samnorsk». Denne framstillinga gir ikkje eit rett inntrykk, som det er vist her, og som Tjelle dokumenterer grundig.

Motstanden mot nynorsken og samnorskpolitikken etter krigen kan nok ikkje forklarast ved å dra inn NS-rettskrivinga, men må forståast ut frå forhold i den demokratiske norske språkpolitikken sjølv, og ut frå kultur- og sosialhistoriske forhold som går langt tilbake. Når riksmålsrørsla fekk slik vind i segla etter krigen, må det bl.a. sjåast i samanheng med konfliktane om den sosialdemokratiske reguleringspolitikken allment, konfliktar som i og for seg var ein nødvendig del av det å få i gang att normale og demokratiske prosessar i landet. Ei nasjonal semje etter ein felles kamp mot ein ytre fiende kan no ein gong aldri vere meir enn eit overgangsfenomen. Oppblussinga av språkstriden hadde òg samanheng med at språkreguleringa gjekk for fort og for langt og dermed gav riksmålsfolk mange gratis poeng – internaliseringa av skriftspråksvanar blant folk vart undervurdert som ein faktor å rekne med. Faktisk måtte krigen komme litt på avstand før at Riksmålsforbundet for alvor kunne utfalde seg. Den største feilen som i den situasjonen vart gjort på den radikale sida, slik eg ser det, var at dei radikale i begge leirar for lenge leit på at tilnærminga var naturleg og uunngåeleg, og at Staten, Stortinget og fagmiljøa sin autoritet og sakleg argumentering på det grunnlaget i seg sjølv var nok, slik at dei forsømte å bygge opp eit sterkt og offensivt organisatorisk og politisk forsvar for tilnærmingspolitikken. LSS kunne ha blitt viktigare om laget hadde komme i gang ti-tolv år før (laget vart som kjent stifta først i 1959, og da var hovudslaget om samnorskpolitikken langt på veg utkjempa, utan at vi forstod det den gongen).

I den nye konflikten mellom Dahl og Fløgstad, som sviv om motsetninga bokmål – nynorsk, kjem altså striden om tilnærmingspolitikken meir i bakgrunnen, men det er framleis viktig at det ikkje blir gløymt kva NS-politikken faktisk gjekk ut på. Høgnorskmannen Jostein Krokvik er den siste eg har sett som har kalla NS-politikken for «samnorskpolitikk», men som vi altså no veit, er det dei som strir for «høgnorsk» som bør føle nærleiken til NS sin språkpolitikk som mest problematisk, ikkje samnorskfolk. NS var høgnorskfolk i ideologien, men bokmålsfolk i praksis, for det er òg eit element i bildet at både NS og motstandsrørsla (både innan- og utanlands) med få unntak gjennomførte bokmål som einaste riksmål – trass i at nynorskprosenten i skolen nådde ein topp i 1944 (utløpar av ein sterk auke som kom i kjølvatnet av 1938-rettskrivinga). Med alt som er sagt ovanfor, må forvirringa og rotet i NS sin språkpolitikk, der nokre få dreiv ideologisk verksemd mens regimet i praksis berre kjørte sin bokmålske einsrettingspolitikk, også takast med når ein skal vurdere denne spesielle episoden i norsk språkhistorie.